Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då? - Eg håpar alle vaksne vil ta med seg ungdommane sine på «Ord for blod». Vi må forstå at vi alle har eit felles ansvar, sa Faysa Idle til NRK Dagsrevyen etter premieren.
Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater basert på Faysa si forteljing fra eigen oppvekst. «Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades.
Faysa har blitt kalla «forstadens Pippi Langstrømpe». - Det er nok fordi eg torde å gå min eigen veg, sjølv når dei vaksne ikkje visste hva dei skulle gjere med oss. Eg måtte skrive og slam-poesien blei min måte å overleve på, seier ho.
Faysa si historie er ein tankevekkjende rapport frå tilstandar som mange av oss berre kjenner frå utsida. Den vedkjem oss alle, og håpet er at teaterframsyninga kan opne for nye samtaler om kva slags oppvekst vi ønskjer at barn og unge skal få.
Nokokure Dahl debuterer med hovudrolla i «Ord for blod» etter TV- og filmroller i «Pørni», «Blodsbrødre» og «Hva vil folk si». Ellers medverkar Serhat Yildirim (frå NRK-seriane «16», «17», «18» og «19»), Hibba Najeeb (frå «Skitten snø», «Hva vil folk si») og Ken-Philippe Tete.
Sagt om framsyninga:
«Så tett på «svenske tilstander» kommer du sjelden (…) En sterk fortelling om desperasjon og lojalitet (…) man går ikke uberørt hjem» Aftenposten
«Faysa Idle sitt liv er som støpt i panikk, vold og ære. Overlevelsen finner sted i medmenneskeligheten som ungdomsforestillingen «Ord for blod» viser på forbilledlig vis.» Periskop.no
«Ord for blod når ut på tvers av kultur, klasse og geografisk tilhørighet»
tbatba.no
«Bør sees av alle som tror det finnes noen enkle og raske svar på ungdomskriminalitet. Og av alle andre.»
Mina Gerhardsen, Barneombud
«Det var sterkt og veldig rørende. En forestilling jeg alltid kommer til å ha med meg videre»
Fatima Deria, miljøterapeut i Oslo fengsel og vinner av «Spillet» på TV2
«Brutal, morsom og rørende»
Warsame Ali, leder av Flexid (ungdom og utenforskap)
«Skremmende, men også veldig lærerikt»
Sarah Gaulin, daglig leder av LIM (Likestilling. Integrering. Mangfold)
Passar for vaksne og ungdom frå 12 år.
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret.
Urpremiere 7. september. På turné med Riksteatret til 50 stader i hele landet.
Les meir i det digitale programmet vårt:
https://new.express.adobe.com/webpage/yvhVomSzbTAwH
Bakgrunn:
Høyr podkast med Faysa Idle på Sveriges Radio: https://www.sverigesradio.se/avsnitt/faysa-idle-tenstapoeten-som-brot-tystnaden